Folkemusikalsk grunnhått (Anmeldelse av Joachim Knophs innspilling av samlede klaververk)

Sjølv der han nyttar folkemusikalske former som sonate og rondo, har Kvandals klavermusikk et umiskjenneleg folkemusikalsk preg. Det siste stykket på den norske pianisten Joachim Knophs fine samleinnspeling av alle Kvandals verk for klaver solo, er det fyrste han komponerte: Sonatine for piano op. 2 frå 1940, som her foreligg på plate for fyrste gong.  (…)

Paris

Kvandal var son til komponisten David Monrad Johansen og studerte hjå norske storleikar som Per Steenberg, Arild Sandvold og Geirr Tveitt. I byrjinga av 1950-åra opna han horisonten ved å dra til Paris, der han tok timar hjå den viktige franske pedagogen Nadia Boulanger. I Frankrike høyrde han mykje modernistisk musikk; dette førte til at han la av seg den norsknasjonale skrivestilen og komponerte meir neoklassisk. Diverre finst så vidt eg veit ingen klaverstykke frå denne tida.

Loppeslått

Mot slutten av 1960-åra vende han «heim» att til Noreg stilistisk, noko me fyrst merkar med Tre slåttefantasier, op. 31, som blei urframførte på Festspillene i Bergen i 1969. Kvandal har i dette klaververket teke fatt i tre slåttar for tre ulike instrument: Den fyrste, «Munnharpeslått (Skjeggeloppa)», er sprek og skjelmsk – lyttar me godt etter i den rolege midtdelen, blir me jamvel vare lyden av loppa. I den andre, «Langeleikimprovisasjon», får komponisten godt fram langeleikens svevande, bylgjande klangar. Den tredje, «Vigstadmoen», er ein feleslått som Kvandal teikna ned då han vitja Rikard Skjelkvåle i Sjåk. Dette er vel den av dei tre som ligg den opphavlege slåttemusikken nærast, og den av dei eg likar best, for Kvandal får her til ein heilt eigen dynamikk mellom den brutale byrjinga og slutten, og den melankolske innettervende midtdelen.

Joachim Knophs tolking har kraft og vidd; han gjev oss eit godt bilete av Kvandals samla œuvre for instrumentet hans.

av Sjur Haga Bringeland, 27. februar 2017, Dag og Tid (utdrag)